|
:: Forside
:: Kjøp og Salg
:: Konkurranse
:: Kontakt oss
:: Biltreff i Norge
:: Prosjekter
:: Linkar
:: Nettbutikk
Untitled Document
|
Prosjekt 1978 Dodge Aspen SE
Aspen før demontering:

Bilen har diverse rustskader, som skal utbedras, noko er forsøkt reparert av tidligere eier.
Bilen skal demmonteras for å avsløre kva tilstand og om det er håp for berging .
Rust er det rikelig av, der det ikkje er kutta vekk og lagt over plater for å skjule elendet .
Den har og fått sveisa att siderutene bak på sida, for å få eit meir race og coupe utsjånad.
Dette ser relativt brukbart ut, men er vanskelig å bedømme før alt er stål.
Det er og brukt tectyl i store mengder under bilen, noko som gjer det vanskelig å bedømme tilstanden.
Slitasje på innside av høgre framhjul samt att rattet ikkje er i senter gir og indikasjon på feil i forstilling.
Bilen har og hatt kvit farge før, med kvitt vinyl tak, men kler nok den raud fargen som er på den no betre.
Lister, dørsider etc må byttas samt trekk på førarstol. Teppet er og modent for bytting.
Etter demontering av bilens interiør, vart det avdekka store rustskader i gulv, bak kant av dører samt baksjermar fulle av sparkel. Enkelte stadar meir enn 2 centimeter i tjukkelse. Ved fjerning av sparkelen med meisel viser det seg at bilen og har ein del bulkar skader som er dårlig retta. Vurderinga no er difor om det er betre å restaurere delebilen eller kjøpe ein tredje bil.
Det som skulle bli ein lettare kosmetisk forfrisking ser ut til å ta år og fullføre. Alt som på bildet er lakka svar er stort sett rustskade og sparkel. Det er og funne betydelig rustskade i berande konstruksjon.
Delebilen eller donoren...
Delebilen ser no ut til å bli den som skal restaureras, dette er den blå på bildet.
opprinnelig ein bil fra Skjåk, men kjøpt på Dombås i 2008. Den har samme motor 318 Cid men med Edelbrock forgasser.
Denne er ein 1980 som er registrert i 1981 og difor lenger til den blir veteran. Gulvet i denne er ok, men rustmakken har tatt bolig i dei nedre deler av karosseriet. Likevelser denne ut til å kunne bli eit lettare objekt.
Selges i deler :
Deler av den røde bile selges etter at demonteringa er sluttført, motor, automat, bakaksel, mellomaksel, forgasser skal vekk
Bilen er no solgt, men diverse deler finnes, sjå bruktmarked for info.
Maserati Biturbo ES 2,5
|