|
:: Forside
:: Kjøp og Salg
:: Konkurranse
:: Kontakt oss
:: Biltreff i Norge
:: Prosjekter
:: Linkar
:: Nettbutikk
Untitled Document
|
Omplassering av ein Lada.

På vårparten i 1985 var det på tide for ein slektning på morssida, å bytte ut sin 66 Volvo Amazon 121 Herregårdsvogn.
Etter råd fra naboar, og velmenande hjelpere vart det bestemt at meir moderne redskap for familietransport skulle handlast inn.
Far min anbefalte då å kontakt ein søster son som på den tid var selgar på Sun Auto i Spjelkavik utanfor Ålesund.
Lada og Mitsubishi var utvalget hos forhandlaren samt ein del bruktbilar. Den blå stasjonsvogna var den som passa best og vart innkjøpt for heile 60000.- blanke nypussa.
Ladaen hadde kun ein drifts stopp, på dei 24 åra den tjenestgjorde på Nordfjordeid.
Dynamoen slutta å lade noko som gav batteriet nådestøtet. Utanom dette hadde russaren tjenestegjort uten forfall.
Hausten 2008 fekk ikkje eigaren fornya tillit som sjåfør, og sertifikatet måtte innleverast.
Om dei miljøvennlige partia i regjeringskvartalet hadde fått viljen sin, ville nok panten blitt utbetalt og pressa blitt siste stopp.
Eigaren av Ladaen ville helst att den trufaste tjenaren skulle få ein lettare alderdom. Underteikna fekk då i oppdrag å omsette bilen til ein verdig arvtakar helst med garasjeplass og interesse for å ta vare på bilen.

Som "retrobil" skal staten ha fulle avgifter for bilar dei helst ikkje vil ha i drift. På ein bil som er utdatert må det likevel betalast full årsavgift og har heller ingen reduksjon i forsikring. Alternativet er avskilting i påvente av veteranstatus og rimelegare avgiftstrykk.
Mange framtidige klenodier står lagra bak skjul og løer i påvente av dette, desverre kjem få i drift att .Dei fleste endar på høggeriet eller i beste fall som delebil.
Ladaen vart annonsert for salg på nettet, og nesten umiddelbart starta telefonen å ringe. Ny Eu kontroll vart utført uten manglar og kjøparar vart det stadig fleire av.
Etter 25 telefonar vart tilslaget gitt til ein ung mann fra OS i Østerdalen, som har planar om restaurering av bilen.
Med 92000 Nordfjord kilometer på tellaren, vart bilen lasta på hengar til ei ny framtid nærare produksjonslandet.
Utvendig var det ein del skrammer, men lite rust. Derimot var det ein del steinsprut som tidlegare eigar hadde forsøkt å ordne på med blå sprayfarge.

Forøvrig var bilen ei tidsmakin, med grå velourtrekk på fører og passasjersete, grått vinyltrekk på rattet og notisblokk med penn fra BS-Maskiner.
I dashbordet låg "antiduggkluten" fint bretta saman, og klistremerket med "Noen er glad i deg, - bruk bilbelte" var strategisk plassert over.
Håpet er då at den unge karen fra Østerdalen, får gjennomført restaureringa av bilen. Eller at han brukar den som den er i orginal og urestaurert stand.
Det er det som gjer bil hobbyen rik, levande og mangfaldig. Alle kan ikkje løyse ut ein Lamborghini nokon må ta vare på ein Lada eller ein Fiat.

Vitsen med ein bil er at den blir brukt og ikkje ender bak løer eller i pressa på eit høggeri.
Vår oppfordring er difor: Ta vare på dei ved å bruke dei.
Bilhobby.com (OJT-2009).
|